Barneverntenestenes fysiske møter med barn og familiar i ei tid der ein må ta omsyn til koronavirus
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har kome med eit informasjonsskriv om korleis barneverntenestene kan gjennomføra fysiske møter med barn og familiar under korona-pandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.04.2020
Bufdir skriv at fysiske møter med barn, ungdommar og foreldre er naudsynte og viktige for å undersøkja barns omsorgssituasjon og gje hjelp til familiar som treng dette. Det er difor ønskjeleg at barneverntenestene er i stand til å ivareta så mange fysiske møter som mogleg, innanfor forsvarlege rammer. Det er naudsynt å ivareta grunnleggjande krav til smittevern. I informasjonsskrivet gjev Bufdir råd om korleis dette kan gjerast. Du kan lesa informasjonsskrivet her.