Barnevernet si prioritering av oppgåver under koronapandemien
I samband med regjeringa sine nasjonale råd for perioden 04.01.2021 til 18.01.2021 har Bufdir gjort ei vurdering av korleis barneverntenestene skal prioritera oppgåvene sine.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 13.01.2021
Bufdir si vurdering er at sårbare barn og unge skal skjermas i størst mogleg grad frå negative konsekvensar av smitteverntiltaka. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesten er ei slik sårbar gruppe. Bufdir har vurdert at føringane som blei gitt 18.03.2020 for barneverntenestene sitt arbeid, skal vere gjeldande og for den perioden vi er inne i no. Desse føringane kan du finna her. Bufdir si temaside om koronaviruset finn du her.