Barn har rett til å bli høyrde

Alle barn har rett til å bli høyrde og deira meiningar skal bli tatt på alvor

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2016

Alle barn har rett til å bli høyrde

Det skal leggjast vekt på barnet sine meiningar i vurderingar ut frå barnet sin alder og mogning. Det betyr at alle barn mellom 0 og 18 år har rett til å seie meininga si om alt som skjer eller skal skje med dei. Dei har rett til å seie meininga si heime, på skolen, i kommunen, i fritida og om alt dei driv på med. Jo eldre barnet er, jo meir skal dei få bestemme sjølve. Når barnet er 15 år skal det få bestemme meir enn når det er 11 år, og er det 11 år skal det bestemme meir enn når det er 5 år. 

Barnet har rett til å bli høyrt både i enkeltsaker og i saker som gjeld dei som gruppe. Prinsippet er konkretisert i barnekonvensjonen artikkel 12, i norsk lov på ei rekke saksfelt og i opplæringslova.

På skolen

Skolen skal leggje til rette for at elevane har reell medverknad og at dei får gi uttrykk for synet sitt i saker som gjeld dei. Elevane skal derfor ha representantar i samarbeidsutval og i skulemiljøutval. Det at elevane er representerte i desse utvala, sikrar at dei får uttale seg i alle saker som gjeld skolen og i forhold som gjeld skolemiljø og trivsel.

Reell medverknad

Fylkesmannen har over fleire år ført tilsyn med korleis skolane følgjer opp dette kravet. Nokre skolar har oppretta dei brukarorgana dei skal ha, samansettinga av representantar er korrekt, dei møtest jamleg og dei har relevante og gode saker på saklista.

Men i nokre tilfelle har vi sett at rådsorgana ikkje er oppretta eller at rådsorgana ikkje blir drivne på ein måte som gir reell medverknad. Ein konsekvens av dette er at skulen går glipp av synspunkt og forslag frå elevane sjølve. Slik får skolen eit svakare grunnlag for dei tiltaka dei eventuelt set i verk, til dømes trivselsfremmande arbeid for eit godt skolemiljø.

Kva med enkeltsakene?

Elevar skal også bli høyrde i enkeltsaker som gjeld dei sjølve. Kvart år får Fylkesmannen ei rekke klager til behandling som gjeld enkeltelevar. Mange av desse klagene gjeld elevar som ikkje trivst på skolen, som blir utestengde frå fellesskapet og som blir krenka eller mobba.

Blir barnet høyrde i desse sakene? Svaret er dessverre ikkje alltid ja. I altfor mange saker ser vi at barnet sine eigne synspunkt og erfaringar ikkje blir godt nok etterspurt. Barnet må få ein større plass i saksbehandlinga, ein må finne ut kva løysingar barnet sjølv har tru på og søkje å handle etter det for å sikre trivsel og ein trygg situasjon.

Oppfølging over tid

Vi veit også at oppfølginga av eleven ofte er mangelfull. Ein elev som har vore gjennom vanskelege periodar eller har blitt utsett for krenkingar og mobbing, brukar ofte lang tid på å restituere seg – også etter at situasjonen er «over».

 

Barnet sin rett til å bli høyrt er altså lovfesta. Korleis sikrar skolen og forvaltninga denne retten i praksis? Til inspirasjon for dei vidare drøftingane, sjå gjerne http://www.sjumilssteget.no/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar