For omfattande hyttebygging i Lund

I framlegget til ny kommuneplan, ønskjer Lund kommune å byggja hytter i fleire omstridde område. Mange av hytteområda kjem i konflikt med vassdrags-, frilufts-, natur og landskapsverdiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2015

I planen legg kommunen også opp til fleire bustad- og næringsområde som er i konflikt med landbruk og nye statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Fylkesmannen har derfor motsegn til tre bustadområde, to næringsområde og ni hytteområde i Lund kommune sitt forslag til ny kommuneplan.

Hyttebygging må tilpassast behovet

Fylkesmannen ser at det er grunnlag for å leggja ut nye fritidsbustader i Lund, men dette må tilpassast det reelle behovet i kommuneplanen.

Samfunnsdelen

Samfunnsdelen til kommuneplanen gir eit greitt oversyn over utviklinga i kommunen og over kommunen sine fokusområde. Me rår likevel kommunen til å utforma fleire konkrete mål og tiltak på ein del av tenesteområda.

Fylkesmannen sin uttale og framlegget til kommuneplan i Lund, finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.