Verdas våtmarksdag på Jæren våtmarkssenter Mostun
Kommande søndag 2. februar vert det ope hus på Jæren våtmarkssenter ved Mosvatnet i Stavanger. Opplev ein kjekk og spanande dag for store og små naturinteresserte! Legg du turen innom vil du få servering, aktivitetar for born og god informasjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mostun er del av Jæren våtmarkssenter som eit av 5 krediterte nasjonale våtmarkssenter. Senteret omfattar også Friluftshuset på Orre og Friluftsfyret Kvassheim. Hovedansansvarleg for drifta er Naturvernforbundet i Rogaland i nært samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland, Jæren frilufsråd, Stavanger kommune og frivillige organisasjonar som Ornitologisk foreining og Botanisk foreining.
Stad og tid: Mostun natursenter rett ved Kunstmusèet ved Mosvatnet i Stavanger søndag 2. februar kl 12:00 - 15:00.
Lenkjer
Aktuelt
Våtmarksdagen er ei internasjonal markering av Ramsarkonvensjonen for å ivareta våtmarker. Noreg har slutta seg til Ramsarkonvensjonen om å ta vare på våtmarksområda som leveområde for flora og fauna og som livsgrunnlag for folket. I tillegg har ein laga ei liste over dei viktigaste sikra våtmarks-områda i verda – Ramsarlista. På denne lista står Jæren våtmarks-system saman med 1600 andre av dei viktigaste våtmarks-områda i verda.