Søknadsfrist for naturforvaltingstiltak er 15. januar

Fylkesmannen administrerer fleire tilskotsordningar for naturforvaltingstiltak som vilttiltak, tilskot til prioriterte artar og naturtyper og tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskade.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2014

Dei fleste ordningane har søknadsfrist 15. januar, og alle søknadar må sendast om Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter https://soknadssenter.miljodirektoratet.no . Der finn du og meir informasjon om dei ulike ordningane.

Informasjon om alle tilskotsordningar under Klima-og miljødepartementet  finn du her: Tilskotsordningar 2014.

Tilskot til prioriterte artar

 Aktuelle artar etter denne ordninga i Rogaland er storsalamander, elvemusling, hubro, svarthalespove, jærtistel, skredmjelt, strandtorn og dvergålegras. Alle artane er truga og har behov for aktive forvaltingstiltak, men berre svarthalespove har status som prioritert.

Alle tiltak som hjelper til med å styrke vernet av desse bestandane kan vere aktuelle etter denne tilskotsordninga. Vi syner til tidlegare artikkel på våre heimesider om tilskot til utvalde naturtypar.

Tilskot til vilttiltak

Fylkesmannen handsamar søknadar om tiltak retta mot i hovudsak ikkje-jaktbare viltartar. Fylkeskommunen har tilsvarande ansvar for dei jaktbare artane. Kven du skal søke til går fram av søknadsskjema.

Tilskot til kalking

Tilskot til fiskeformål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for betre forvaltning og bevaring av vill anadrom laksefisk. Ordninga gjeld tiltak knytt til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak, praktisk nytta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar, samt tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskade

Ordningane er retta inn mot tiltak for å redusere tap av bufe til rovvilt og til tiltak som har god verknad for å redusere konflikt mellom rovviltinteresser og beitenæring. Søknadsfristen er for desse ordningane sett til 15. februar.

Refusjon av utgifter til jegerprøva

Vi minner samstundes kommunane om at fristen for å fremme refusjonskrav til Fylkesmannen for utgifter til administrasjon av jegerprøveavviklinga i 2013 er 15. januar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.