Gode vaksne lesarar

Vaksne i Norge er gode til å lese, rekne og løyse oppgåver med IKT. Dette syner ei stor undersøking frå OECD kor vaksne i 24 land har gjennomført ein omfattande prøve om sin kompetanse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2013

Det er OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, som har gjennomført undersøkinga. 166 000 vaksne mellom 16 og 65 år har delteke og resultata er samla i PIAAC, Programme for the International Assessment of Adult Competencies.

Norge er nummer seks i lesedugleik og tallforståing og nummer fire i problemløysing og IKT. Japan skil seg ut med å vere i toppen både på lesing og rekning. Landa som ligg over det internasjonale gjennomsnitt i alle dugleikar er: Finland, Nederland, Sverige og Norge.

Norge er på toppen når det gjeld bruk av lesedugleik på jobben i høve til produktiviteten i landet, men også det landet kor dei med lågast dugleik i størst grad deltek i utdanning og opplæring. Over 50 prosent av denne gruppa har delteke i utdanning og opplæring i løpet av det siste året. Det er dobbelt så høgt som gjennomsnittet. Programmet for basiskompetanse i arbeidslivet blir famheva som positivt i OECD sin rapport.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.