Fylkesmannen ønskjer ikkje nye og utvida kjøpesentra på Forus

Fylkesmannen ber Rogaland fylkeskommune ta ut dei to retningslinene i Regionalplan Jæren som opnar for ei utviding av handelsverksemda på Forus. Dette gjeld retningslinene som opnar for eit nytt og større IKEA og utviding av dei eksisterande kjøpesentera på Forus. Retningslinene er i strid med regional planføresegn, som Fylkestinget sjølv har vedteke, og som inneheld eit forbod mot handelsverksemd utanfor avsette senterområde.I tillegg gir Fylkesmannen råd om at 4 retningsliner som gjeld bruksendring av landbruksbygg blir endra, for betre å sikre matproduksjon og jordvern.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2013

Fylkestinget vedtok i sak 39/13 den 11.06.2013 Regionalplan for Jæren 2013-2040. Planen vil erstatta Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren frå 10.10.2000. Delar av vedtaket inneheld vesentlege endringar av høyringsutkastet og er difor lagt ut til ny, avgrensa høyring. Fylkesmannen har innvendingar til seks av retningslinene i høyringsutkastet, to som gjeld handel på Forus og fire som gjeld bruksendring av landbruksbygg. Med unntak av desse seks retningslinene, har Fylkesmannen ikkje merknader til regionalplanen slik den nå ligg føre.

Bryt med eigne føresetnader

Fylkesmannen ber fylkeskommunen ta ut dei to retningslinene i Regionalplan Jæren som opnar for ei utviding av handelsverksemda på Forus. Dette gjeld retningslinene som opnar for eit nytt og større IKEA, og utviding av dei eksisterande kjøpesentera på Forus. Retningslinene er i strid med regional planføresegn, som Fylkestinget sjølv har vedteke, og som inneheld eit forbod mot handelsverksemd utanfor avsette senterområde. Retningslinene kjem også i vesentleg konflikt med sjølve føremålet i Regionalplan Jæren, som er å styrke eksisterande by- og tettstadssentra, bidra til effektiv arealbruk og miljøvenleg transport.

Utvida handel på Forus gir forskjellsbehandling

 I regionalplanen er det ikkje lagt fram tungtvegande argument som gir grunnlag for at dei største kjøpesentera på Forus skal få unntak frå regional planføresegn, medan alle kjøpesentera på Jæren utanfor Forus ikkje skal omfattast av retningslina. Favoriseringa av kjøpesentera på Forus manglar ei sakleg grunngiving. Dette til trass for at ei utviding av kjøpesentera på Forus er meir i konflikt med sjølve føremålet med regionalplanen enn utvidingar av kjøpesentra utanfor Forus. At regionalplanen opnar for unntak frå vedtatt senterstruktur, akkurat for det området med størst omsetning og vekst i varehandelen, har som konsekvens at planen sitt hovudgrep og grunnlaget for å styre handelslokalisering blir vesentleg svekka.

Til departementet

 Blir regionalplanen vedtatt med desse to retningslinene, vil Fylkesmannen bringe desse inn for Miljøverndepartementet i samsvar med plan- og bygningslova § 8-4 andre ledd, sidan desse kjem i vesentleg konflikt med nasjonal politikk på kjøpesenterlokalisering og innafor samordna areal og transport.

Bruksendring av landbruksbygg

Fylkesmannen ber Rogaland fylkeskommune endre dei fire retningslinene som gjeld alternativ bruk av ledige driftsbygningar på landbrukseigedomar og frådelte tun. Fylkestinget sine forslag til endra retningsliner er i strid med nasjonale landbruks- og jordverninteresser. Forslaga vil ikkje i tilstrekkeleg grad sikre landbruksnæring, matproduksjon og jordvern. Fylkesmannen har fagleg råd om at retningslinene blir endra tilbake til slik dei låg føre ved offentleg ettersyn 15.05.2013.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.