Noreg ratifiserer FN-konvensjon om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne
Måndag 3. juni ratifiserer Noreg FN-konvensjonen om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne. For Fylkesmannen i Rogaland har dette samanheng med ny verjemålslov som tek til å gjelde 1. juli 2013. Fylkesmannen blir då førsteinstans i saker som gjelder verjemål og tek over etter overformynderia i kommunanen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den nye verjemålslova har vore ein føresetnad for at Noreg skal kunne overhalde reglane i FN-konvensjonen om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne. Lova inneber økte rettar for mennesker som treng bistand frå verje for å kunne vareta rettane sine.
For meir informasjon om ratifikasjonen, sjå lenkje til Utendriksdepartementet sin heimside under "Relaterte lenkjer" til høgre.