Utstilling om stemmerettsjubiléet
I samband med feiring av 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett, kan du nå sjå ein spennande og informativ temautstilling i Statens Hus på Lagårdsveien. Utstillinga er open mellom 8 og 15.30.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.05.2013
Utstillinga dekkjer ei rekkje tema, frå pionerane på 1800-talet og tidleg 1900 tal, til viktige kampsaker, både no og i tidligare tider. Utstillinga tek opp viktige problemstillingar som vold mot kvinner, utfordringar i arbeidslivet og kvinner sine viktige framgonger innafor utdanning, kultur, idrett og samfunnsliv.
Utstillinga kan du óg sjå i Garborgsenteret på Bryne.
Aktuelt
Eigen nettportal for demokratijubiléene i Rogaland