Marin kartlegging for andre år på rad
Prosjektet ”kartlegging av marine naturtypar” er no inne i sitt andre av tre planlagde år med marine undersøkingar i Rogaland. Målet med prosjektet er å samle kunnskap om førekomst og verdi av utvalde naturtypar for å betre forvaltninga av kystsona.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er NIVA, Havforskningsinstituttet og NGU som utfører kartlegginga. Ålegras, tareskog, gyteområde for torskefisk, østersførekomstar, kamskjel, skjelsand, israndavsetningar og område med blautbotn i strandsona er blant naturtypane som skal kartleggast. Dei kartlagde førekomstane av kvar naturtype vert verdisett til A (svært viktige), B (viktige) eller C (lokalt viktige).
Kartlegginga er no i gang igjen etter at den vert avslutta for sesongen hausten 2012. Gytefelt for torskefisk i Boknafjorden og tilgrensande fjordar, Eigersund og Siragrunnen vart kartlagd i mars i år. Toktplanen er enno ikkje fastspikra, men truleg skal vidare kartlegging av ålegras og tareskog også gjennomførast i år.
Kunnskapen ein byggjer opp gjennom prosjektet vil vere eit viktig grunnlag for ein meir berekraftig og føreseieleg arealplanlegging. Vidare er kunnskapen viktig for å hindre unødig tap av biologisk mangfald. I tillegg kan den gje ein meir aktiv forvalting av biologisk mangfald.