Nettverkssamling - samfunnstryggleik og beredeskap 2019
- Dato:
- 13. juni 2019 12:00 - 14. juni 2019 12:00
- Stad:
- Sauda Kløver hotell/Folkets hus
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Velkommen til den årlege nettverkssamlinga i samfunnstryggleik og beredskap! Samlinga finn i år stad i Sauda med overnatting og middag på Kløver hotell. Sjølve konferansen er i Folkets hus. Som alltid lovar me eit spennande og variert program, og eit triveleg sosialt opplegg på kvelden.
Deltaking
Det er sjølvsagt mogleg å melda seg på delar av programmet, men me håper at dei fleste deltar på heile konferansen. For å bli gode i lag er det viktig å kjenna kvarandre.
Programmet er ferdig. Du finn det som vedlegg til denne nettsaka. Dette er nokre av temaa på denne samlinga:
- Når kommunen må handtera eit drap. Erfaringar frå Hå og Time.
- Nye farevarsel frå Værvarslinga på Vestlandet.
- Beskyttelse av sivilbefolkninga. Eit pilotprosjekt i Rogaland.
- Drukningsulukka på Bokn. Kriseleiing og pårørandehandtering i ein liten kommune.
NB! Vi rår dei som skal ta hurtigbåten til og frå Sauda til å reservera plass i god tid før avreise. Dette gjeld både tur og retur. Båtruta finn du her.
Vi har reservert 44 rom på Kløver hotell, som går etter første-mann-til-mølla-prinsippet. Dei som er påmelde etter at hotellromma er fulle, blir kontakta for andre alternativ.
Seminaravgift
- Alternativ 1: Full pakke: kr. 3000 - Inkludert: konferanse, lunsj begge dagar, overnatting på Kløver hotell og middag på hotellet.
- Alternativ 2: Dagpakke to dagar: kr. 1500 - Inkludert: konferanse og lunsj begge dagane.
- Alternativ 3: Dagpakke éin dag: kr.750 - Inkludert: konferanse og lunsj ein av dagane. NB: Hugs å skriva kva dag du kjem.
- Middag 13. juni: kr. 500,- (Tillegg til alternativ 2 og 3)
Påmeldinga er bindande.
Fylkesmannen sender faktura etter konferansen. Dersom nokon har allergiar: Gi beskjed slik at me kan finne alternativ.
Velkommen til to kjekke dagar i Sauda kommune!
- Dato:
- 13. juni 2019 12:00 - 14. juni 2019 12:00
- Stad:
- Sauda Kløver hotell/Folkets hus
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Kontaktpersonar
-
Randi Thomassen
Tlf: 51 56 88 06 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80