Informasjonsmøte for folkevalde i Dalane-regionen
- Dato:
- 21. januar 2020 09:00 - 15:00
- Stad:
- Grand hotell, Egersund
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Folkevalde i Dalane-regionen (Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim)
Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å invitera til tverrfaglege regionale informasjonsmøte våren 2020 for å leggja til rette for tidleg dialog og eit godt samarbeid med kommunane.
Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.
Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.
Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.
Praktisk informasjon:
Det blir servert lunsj.
Pris for deltaking er kr 550,-. Bruk skjema for å melde deg på og hugs informasjon om allergiar o.l. Påmelding er bindane.
Frist for påmelding er 20.12.2019
- Dato:
- 21. januar 2020 09:00 - 15:00
- Stad:
- Grand hotell, Egersund
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Folkevalde i Dalane-regionen (Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim)