Utfylling i sjø ved Jørpeland
- Høyringsfrist:
- 8. juni 2015 15:30
Fjordbris AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Jørpeland i Strand kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til utfylling i sjø ved Jørpeland i Strand kommune. I forbindelse med etablering av nytt landareal for framtidig sentrums- og/eller boligbebygging, er det behov for utfylling i sjø. Det foreligger reguleringsplan for utfyllingen. Søknaden gjeld utfylling av ca. 330 000 m³ sprengsteinsmasser frå Ryfast-prosjektet som vil dekkje eit sjøbotnareal på ca. 56 000 m².
Sprengsteinsmassar frå Ryfast-prosjektet inneheld per dags dato plastfiber og skyteledninger, og søker har foreslått å bruke lense for å samle opp dette. Sedimenta i tiltaksområdet er forurenset med TBT og Nikkel, og søker ynskjer å tildekka sjøbotn med grus før utfyllingsarbeidet startar. Tiltaket skal etter planen gjennomførast i perioden august 2015 - juli 2016.
Tiltaket vil føre til at to ålegrasenger med verdi A (svært viktig) og B (viktig) blir fjernet. Og utfyllingsarbeidet vil høgst sannsynleg ha negativ påverknad på ei ålegraseng, med verdi A (svært viktig), som ligg innerst i Jørpelandsvågen.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.
- Høyringsfrist:
- 8. juni 2015 15:30