Søknad om utslepp av anleggsvatn og vaskevatn ved Krossøy i Kvitsøy kommune

Høyringsfrist:
15. januar 2018

Statens vegvesen Region vest søker om løyve til mellombels utslepp av anleggsvatn samt vaskevatn og overvatn i driftsfase ved Krossøy i Kvitsøy kommune.

Publisert 12.12.2017

Søknaden gjelder mellombels utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving av Boknafjordtunnelen og Kvitsøytunnelen (Rogfast entreprise E02). Samtidig ynskjer Statens vegvesen Region vest å søke utslepp av vaskevatn og overvatn frå driftsfase av tunnelane.

Parametrane nitrogen, høg pH, tungmetall, suspendert stoff og organiske forbindelsar er rekna for å vere dei viktigaste når det gjeld forureining. Kobbar og nikkel er også kjente problemstillingar på Kvitsøy. Utsleppspunkta er i nærleiken av skjelsand, tareskog, oppdrettsanlegg og fritidsfiskeplassar.

Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.