Søknad om utfylling i sjø i indre Jørpelandsvågen i Strand kommune
- Høyringsfrist:
- 6. september 2017
Marcelius Promenaden AS søker om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 49/23 i Strand kommune. Det skal etablerast strandpromenade i indre Jørpelandsvågen.
Publisert 08.08.2017
Det er søkt om å fylle ut ca. 1100 m3 massar i sjø, som vil dekkje eit sjøbotnareal på ca. 1000 m2. Sjøbotnen i området er svært forureina, og søkjar har mellom anna føreslått siltgardin og bufferlag. I nærleiken av utfyllingsområdet er det registrert to ålegrasenger av nasjonal verdi, i tillegg til Jørpelandsåna som er eit viktig bekkedrag.
Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.
Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.
- Høyringsfrist:
- 6. september 2017