Søknad om løyve til utfylling i sjø ved Solbakk, Strand kommune

Høringsfrist:
6. mars 2013 14:30

Statens vegvesen har søkt om løyve etter forureiningslova til utfylling med sprengstein i sjø for etablering av nytt trafikkområde og parkeringsplass, ved Solbakk i Strand kommune. Søknaden er no ute til offentleg ettersyn.

Publisert 06.02.2013 av Administrator

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens Vegvesen om løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16. Søknaden omfattar utfylling med steinmassar i sjø ved Solbakk i Strand kommune.

Omsøkt utfyllingsarbeid er naudsynt i samband med bygginga av Rv 13 Ryfast, der det mellom anna vert laga ein undersjøisk tunnel frå Solbakk til Hundvåg. Ein del av tunnelmassane frå Solbakktunnelen skal nyttast i fyllinga.

Utfylling av tunnelstein vil føre til spreiing av partiklar og nitrogenforbindelsar (sprengstoffrestar frå massane). Det er forventa ein tilførsel av 7-20 tonn nitrogenforbindelsar per år i 2 år. Nitrogenforbindelsane vil bestå av omtrent 50 % ammoniumforbindelsar og 50 % nitratforbindelsar. Partiklar frå sprenging er skarpare enn naturlege partiklar, og det er derfor antatt at sprengsteinspartiklar har eit større skadepotensial på hud- og gjellesystem til fisk. 

I utfyllingsområdet er det hummarlokalitetar som vert direkte påverka av fyllinga. Området vil som følgje av arbeida være ueigna som hummarhabitat i mange år, men det er ein sjanse for reetablering på lang sikt.

Det vil i eit løyve mellom anna bli sett krav til at struktur og utforming av steinfyllinga vil gjere den eigna som hummarhabitat. Vidare vert det sett vilkår om internkontroll, overvaking av resipient, støykontroll og handtering av avfall.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentlig ettersyn i Strand kommune og på nettsidene våre i dokumentlenkjene til høgre.

Eventuelle merknader til søknaden sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan fire veker frå kunngjeringstidspunktet.

Høringsfrist:
6. mars 2013 14:30