Søknad om arbeid i sjø ved kaia innerst i Jørpelandsvågen
- Høyringsfrist:
- 20. desember 2017 23:59
Strand kommune planlegg å sanera kaia innerst i Jørpelandsvågen, i den samanhengen søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring i sjø og riving av kaia.
Publisert 22.11.2017
Søknaden omfattar mudring av ca. 550 m3 sediment fordelt på eit ca. 370 m2 stort sjøbotnareal. Sjøbotnen innerst i våga er svært forureina, søkar har foreslått siltgardin som eit avbøtande tiltak mot partikkelspreiing under arbeida.
I nærleiken av utfyllingsområdet er det registrert to ålegrasenger av verdi A («svært viktig»).
Uttalar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.
Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.
- Høyringsfrist:
- 20. desember 2017 23:59