Søknad om arbeid i sjø i Holeviga i Eigersund
- Høyringsfrist:
- 6. januar 2016
Eigersund Næring og Hamn KF søker om løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.
Det blir søkt om å sprengje bort tre grunner i Holeviga, samt eit grunt område utanfor kai på Kaupanes, med eit totalt volum på om lag 1800 m3. Hensikta med tiltaket er å betre tilgangen for containertransport og anna skipstrafikk i området.
Sprengsteinsmassane skal gravast opp og fyllast innanfor eksisterande molo ved Hovland ferjeterminal. Sjøbotnen i Holeviga er stadvis forureina med TBT og kopar. I eit eventuelt løyve vil det mellom anna bli sett krav om internkontroll, støykontroll og avfallshandtering.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.
- Høyringsfrist:
- 6. januar 2016