Karmøy kommune søkjer om løyve til tiltak i sjø ved Husøy

Høyringsfrist:
27. juni 2017

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Husøy, Karmøy.

Publisert 30.05.2017

I samband reguleringsplan RL 447 og 488 er det søkt om utfylling av ca. 103 000 m3 i øst, og 50 00 m3 i vest stadeigne sprengsteinsmassar i sjø. Det er forureining i botnsedimenta, og søkar vil foreslå avbøtande tiltak etter gjennomgang av undersøkingar.

Karmøy kommune v/Thor Baarsrud har søkt om løyve til tildekking av forureina sjøbotn med eit tildekkingslag og deretter inntil 2 meter sprengsteinsmassar. Sprengsteinsmassane stammer frå aktuelle tunnelprosjekt i regionen.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i lenkja i høgremargen.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.