Gjenvinning betong, tegl og asfalt av Risa AS

Høyringsfrist:
2. september 2013 15:30

Risa AS har søkt om løyve etter forureiningslova til mottak, mellomlagring og gjenvinning av betong, tegl og asfalt ved sine anlegg på Moi i Bjerkreim kommune og Gausland i Hå kommune.

Publisert 30.07.2013 av Administrator

Risa AS søker om løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16 på verksemda sine lokalitetar på Moi, gnr.58 bnr. 2 i Bjerkreim kommune og Gausland i gnr.30 bnr.10 i Hå kommune. Verksemda driv i dag massetak med knuseverk både stadane etter vilkår fastsett i forureiningsforskrifta kap.30.  Anlegget på Gausland er samlokalisert med betongprodusenten Jærbetong AS.

Eldre bygningsbetong kan innehelda farlege miljøgifter som til dømes PCB. Verksemder som ønskjer å gjenvinne betong må derfor søkje om særskilt utsleppsløye til dette. I eit utsleppsløyve vil det verte stilt krav om tilstrekkjeleg mottakskontroll til å sikre at avfall som er forureina av miljøgifter ikkje vert nytta til gjenvinning. Det vil og verte sett krav om tiltak som avgrensar utslepp av støy og støv.

Alle søknadsdokumenta er lagt ut i dokumentlenkene til høgre.

Søknadsdokumenta som gjeld Hå kommune vert i tillegg lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på Rådhuset i Hå.

Søknadsdokumenta som gjeld Bjerkreim kommune vert i tillegg lagt ut til offentleg ettersyn i kommunehuset på Vikeså og på Coop-butikken i Bjerkreim.

Moglege merknader til søknaden kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.