Forslag til endring i forskrift om svarthalespove på høyring

Høyringsfrist:
26. april 2013 23:30

Etter at fuglen svarthalespove blei ein prioritert art etter naturmangfaldlova i 2011, har det vore hausta ein del erfaringar med forskrifta. Miljøverndepartementet foreslår no endring i forskrifta. Forslaget vert sendt på open høyring i dag.

Publisert 25.03.2013 av Administrator

Svarthalespoven sin sørnorske underart hekkar nesten berre på produktive grasareal på Jæren, og forskrifta kjem dermed i strid med grunneigarinteresser.

Endringsforslaget omfattar at sluttdato for slåtteforbodet vert flytta frå 15. juli til 5. juli, samt tydeleggjering av forholdet mellom grunneiar sine moglegheiter for å søke om tilskot til skjøtsel og tilpassa drift i økologisk funksjonsområde for arten. Miljøverndepartementet meiner at endra sluttdato for slåtteforbod kombinert med høve for å søke om tilskot vil kunne føre til ei betre ivaretaking av svarthalespoven, samanlikna med dagens situasjon. Samtidig vil det på ein betre måte ta vare på dei grunneigarane som eig areal omfatta av svarthalespoven sitt økologiske funksjonsområde.