Vi har undersøkt kor tilgjengelege dei sosiale tenestene i Nav er
Auka digitalisering i samfunnet har gjort offentlege tenester betre for dei fleste. Samtidig er det menneske som av ulike grunnar ikkje har høve til å bruke digitale løysingar. Dersom du til dømes kjem til Nav-kontoret utan timeavtale, møter du sannsynlegvis ei stengt dør.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltarane undersøkte i 2020 og 2021 tilgjengeheita til sosiale tenester i Nav ved oppmøte, på telefon og digitalt i 70 kommunar. Den landsomfattande undersøkinga viser at det framleis er utfordringar knytt til kor tilgjengelege desse tenestene er.
49 av dei undersøkte Nav-kontora hadde ope publikumsmottak i seks timar eller mindre per veke, medan 11 av dei 70 hadde heilt stengt. Brukarar som møtte opp på Nav-kontoret utan avtale, kom derfor som oftast til ei stengt dør.
Helsetilsynet meiner det er alvorleg at Nav-kontora ikkje har beredskap for å ta i mot brukarar utan timeavtale. Dette kan vere brukarar som har akutt behov for hjelp til mat, straum eller bustad.
I kommunebrevet 2022 skriv Arbeids- og velferdsdirektoratet:
«Ikke-digitale tjenestemottakere må ha mulighet til å få forsvarlige tjenester, og alle må ha mulighet til å få akutt hjelp etter sosialtjenesteloven ved å henvende seg til NAV-kontoret. Dette innebærer at det skal være mulig med fysisk oppmøte på NAV-kontoret, både med og uten avtale. Dersom åpningstiden er begrenset slik at de som søker om sosiale tjenester faktisk ikke kan møte opp fysisk ved NAV-kontoret, må dette begrunnes, og kommunen må på annen måte sikre at de får ivaretatt sitt hjelpebehov.»
Du kan lese meir om undersøkinga på nettsidene til Helsetilsynet.