Nav-rettleiarar inn i skulen
Frå hausten av er det Nav-rettleiarar på plass i vidaregåande skular i alle fylke. Målet er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ein av tre som startar i vidaregåande skule, fullfører ikkje. Bakgrunnen kan for mange vere ei opphoping av dårlege levekår, psykiske vanskar og sosiale problem som dei treng hjelp til å løyse. Utdanningsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet samarbeider om forsøket med eigne rådgivarar i skulane for å sikre elevane tilgang til aktuelle tiltak og tenester frå Nav.
Føremålet med forsøket er å
- førebygge fråfall i vidaregåande opplæring og integrere ungdom i arbeidslivet
- få kunnskap om behov for, og bruken av tiltak og tenester frå Nav i kombinasjon med tilrettelagt opplæring frå fylkeskommunen
- prøve ut ein modell for tverrfagleg samarbeid
- få kunnskap om omfanget av levekårsproblem og sosiale problem blant elever i vidaregåande skular
Nav-rettleiarane skal ha arbeidsstad ved den vidaregåande skulen fire dagar i veka og ein dag i veka ved Nav-kontoret. Arbeidet med elevane skal vere ein integrert del av skulen si oppfølging av elevane, og rektor skal kunne bruke Nav-rettleiaren som ein del av skulens heilskaplege elevteneste.
Forsøket med Nav-rettleiarar har alt vore utprøvd i Tromsø, Stavanger og Jessheim. No har Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Fylkesmannen valt ut vidaregåande skular og tilstøytande Nav-kontor over heile landet.
Forsøket skal gå over tre år, frå 2015 til 2017.