Grunnlovsjubileet 1814–2014
I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova vart vedteken på Eidsvoll. Jubileet formidlar kunnskap om grunnlova og viser kva grunnlova hadde å seie for utviklinga av det norske folkestyret. No i mai blir det folkefest over heile landet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I dag er Grunnlova eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati. Hendingane for 200 år sidan var ikkje avgjerande berre for Noreg, dei markerer også eit viktig vendepunkt i historia om Norden.
Dagsaktuell
Grunnlova er levande, dagsaktuell og avgjerande for Noregs identitet og utvikling som liberalt demokrati. Dersom Grunnlova skal halde fram med å ha denne rolla, må ho formidlast på nytt til kvar ny generasjon. Eit av dei overordna måla med 200- årsjubileet er derfor å skape ein inkluderande folkefest i heile landet.
For få dagar sidan vedtok dessutan Stortinget ei språkleg fornying av Grunnlova. Det blir ei språkleg fornying av lova på bokmål, og for første gong får vi ein nynorsk versjon av Grunnlova.
I fleire fylke er Fylkesmannen involvert i arbeidet med å koordinere dei mange arrangementa.