Bruksendring frå naust til fritidsbustad

Ombygging og bruksendring frå naust til fritidsbustad er ofte i konflikt med interessene bak strandsonevernet fordi den endra bruken privatiserer strandsona. Dette vil vere til hinder for allmenn tilkomst, ferdsel og opphald langs sjøen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.12.2013

Endra bruk av bygningar, konstruksjonar og anlegg er omfatta av forbodet mot tiltak langs sjøen, som er heimla i § 1-8 i plan- og bygningslova. Bruksendringar kan anten avklarast gjennom plan og planendringar eller gjennom dispensasjonar.

Negativt for den allmenne ferdselsretten

Bruksendringar frå naust til fritidsbustad er som oftast konfliktfylt, og i strid med dei allmenne interessene i strandsona. Naust og sjøbuer er maritime bygg som vert rekna som uthus, og må naturleg nok liggje ved sjøen. Generelt kan allmenta i utgangs­punktet ferdast fritt heilt inntil naustveggen. Til fritids­bustader høyrer det derimot ei privat sone, tilsvarande som for ei hustomt, som vert rekna som innmark utan rett til allmenn ferdsel. Bruksendring av naust og sjøbuer til fritidsbustad vil såleis privatisere strandsona og sjølve strandkanten. Dette vil vere til hinder for allmenn tilkomst, ferdsel og opphald langs sjøen.

Omdisponering av sjøbuer og naust bør som hovudregel berre vere aktuelt i spesielle tilfelle, der ny bruk inneber at eldre bevaringsverdige bygningar blir restaurerte og haldne vedlike, utan vesentleg ombygging og fasadeendring. Bruksendring bør då primært skje som ledd i næringsverksemd, og i område som frå før er meir eller mindre privatiserte.

Kommunane har eit ansvar for å hindre at strandsona blir privatisert med  mange spreidde fritidsbustader kloss i sjøkanten. Ein lempeleg praksis som tillet ombygging og bruksendring av naust og sjøbuer til fritidshus, kan på sikt få store negative konsekvensar for den allmenne ferdselsretten i strandsona.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.