Midlar til arbeidet mot barnefattigdom
Kommunar som ønskjer å prøve ut nye tiltak mot barnefattigdom, kan søkje om midlar til arbeidet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskotsordninga for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge skal vidareførast også i 2014. Tilskotet er auka med 20 mill. kroner i 2014. Det skal leggjast vekt på tiltak som bidreg til aktivitet og deltaking blant utsette barn og unge.
Midlane skal ikkje erstatte stillingar eller allereie eksisterande tenester i kommunen eller ved Nav-kontoret. Midlane skal helst nyttast til å prøve ut tiltak som ikkje allereie er godt utprøvd andre stader.
Utfylt søknadsskjema om tilskot skal sendast til Fylkesmannen i fylket ditt. Avgjerda om kven som får tilskot blir gjort i møte mellom Fylkesmannen og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Ta kontakt med Fylkesmannen i fylket ditt dersom du har spørsmål.