Fin oppgang for åkerriksa og fleire stadfesta hekkingar

2013 vart eit godt år for åkerriksa i Noreg. Med heile 204 innrapporterte syngande hannar og seks påviste hekkingar går året inn som det beste sidan handlingsplanarbeidet starta opp i 2008. Det vart også rapportert om fire mogleg hekkingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.08.2014

Åkerrikse (crex crex) med kyllingar

Året går difor inn i rekka som det tredje beste året sidan prosjektet starta i 1995. Ut frå dei samla registreringane er det rekna ut at det i 2013 var mellom 72 og 126 hannindivid i landet. 21 % av alle syngande åkerrikser blei registrert i Oslo og Akershus, medan om lag 18 % vart registrert i Oppland . Det er uvisst kor mange hofuglar som finst i tillegg.

Hekking

Seks hekkingar vart påviste, og på ny er det Rogaland, og spesielt Karmøy, som peikar seg ut med hekkingar. Det var også registrert hekking i Oppland og Nord-Trøndelag.

Handlingsplan

Fylkesmannen i Rogaland er ansvarleg for å koordinera handlingsplanen for åkerrikse i landet. Åkerriksa har etterkvart blitt eit svært sjeldsynt innslag i kulturlandskapet i heile landet, og har status som kritisk trua (CR) på den norske raudlista (Artsdatabanken 2010). Handlingsplanen skisserer ulike tiltak for å sikra hekkeområda best mogleg. Desse er oftast på dyrka mark, og utsett slått og tilpassa slåttemetodar er dei mest sentrale tiltaka.

Sjå ellers informasjon om åkerriksa på www.akerrikse.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.