Medaljar og ordenar
Kongehuset delar ut medaljar og ordenar for å påskjønne landsmenn og utanlandske borgarar for særleg innsats til samfunnets beste. Fylkesmannen tek i mot forslag til kven som fortener ei slik påskjønning.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen kan ta i mot framlegg til kandidatar til Kongens fortenestemedalje og til St. Olavs orden. Sistnemnde blir tildelt som påskjønning for ”utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten”.
Kongens fortenestemedalje
Kongens fortenestemedalje vart stifta av H.M. Kong Haakon VII 1. februar 1908. Medaljen blir delt ut som påskjønning for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur.
Fortenestemedaljen blir delt ut som påskjønning for:
- pionerinnsats eller annan spesiell innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid
- særleg fortenestefull ulønt innsats over lengre tid i samfunnslivet, i offentlege eller private verv, i frivillige organisasjonar eller i anna samfunnsnyttig verksemd
- særleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste der innsatsen har lege langt over det normale, og der vedkommande også har vist aktivt samfunnsengasjement utover arbeidsinnsatsen sin
- ein livsinnsats som kan stå som eksempel for andre
Statuttane for tildeling av Kongens fortenestemedalje blir endra i tråd med samfunnsutviklinga. Den siste endringa vart gjort 30. mars 2012. Etter dei nye statuttane blir det lagt avgjerande vekt på at kandidatar til medaljen har gjort samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. Samstundes blir det ikkje lenger lagt vekt på tenestetid i 40 år eller meir.
Den siste oppdateringa av statuttane medfører også at omgrepet "Kongens fortenestemedalje i sølv" fell bort og blir erstatta av "Kongens fortenestemedalje". Kongens fortenestemedalje i gull blir berre tildelt i heilt ekstraordinære tilfelle og kan ikkje søkjast om.