Fylkesmennene skal leite etter tidstjuvar

Fylkesmannen er éin av fleire offentlege verksemder som skal leite etter og fjerne tidstjuvar innafor eiga verksemd. Målet er at offentleg sektor skal bli meir effektiv og lettare tilgjengeleg for brukarane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2014

Oppdraget til fylkesmennene kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsråd Jan Tore Sanner ønskjer at det offentlege skal fjerne unyttig rapportering, droppe unødvendige prosedyrar og dobbeltarbeid og forenkle regelverket der dette er mogleg. Tidstjuvane stel tid både frå innbyggjarar, næringsliv, fagfolk og leiarar.

Innan 1. september i år skal fylkesmennene komme med framlegg til forenkling av prosedyrar og regelverk. Når 2014 er omme, skal fylkesmennene rapportere til departementet kva vi har gjort for å få fjerna tidstjuvar i verksemda.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.