Mobiltelefonar i skuletida

Kvar grunnskule og vidaregåande skule skal ha eit ordensreglement. Ordensreglementet kan til dømes forby bruk av mobiltelefon i skuletimane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.08.2013

Det er opp til skuleeigar å bestemme kva reglar som skal vere med i ordensreglementet, innafor dei rammene som opplæringslova, privatskulelova og menneskerettane fastset.

Ordensreglementet skal gje reglar som rettane og pliktene til elevane, og skal innehalde reglar om åtferd, kva tiltak som skal kunne brukast mot elevane som bryt reglane, og reglar om korleis slike saker skal behandlast.

Når det gjeld mobilbruk, kan ein straffereaksjon vere at mobiltelefonen blir teken frå eleven, men telefonen kan ikkje takast frå eleven utover skuletida, eller etter at skuledagen er slutt. Ordensreglementet kan nemleg ikkje regulere fritida til elevane. Utdanningsdirektoratet meiner at langvarig inndraging av telefonar, til dømes ein heil dag, bør skulane vere forsiktige med.

Det er kommunen eller fylkeskommunen som har plikt til å syte for at det blir fastsett eit ordensreglement. Kommunen treng ikkje sjølv vedta reglementet, men kan delegere ansvaret på vanleg måte, til dømes til administrasjonen eller rektor.

Les meir om emnet hjå Utdanningsdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.