Fleire klaga på eksamen i norsk sidemål

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått inn 456 klagar på skriftleg eksamen i norsk sidemål i grunnskulen. Klagane kjem frå heile landet og det er registrert ein liten auke i omfanget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.07.2013

Elevane i grunnskulen kan klage på eksamenskarakteren sin. Klagen kan ende med at eleven går opp eller ned i karakter, eller at ingenting blir endra. Talet på klagar varierer frå år til år. I 2013 er det fleire klagar enn i 2012, men færre enn i 2011.
 
Alle klagar skal sendast til skulen der du er elev. Klagen blir behandla av sensorgrupper oppnemnt av Fylkesmannen. Sensorgruppene vurderer om karakteren er rett og gir eventuelt ein ny karakter dersom dei meiner karakteren er urimeleg. Eleven slepp å grunngje klagen sin.
 
I 2012 fekk 28,5 prosent av klagarane endra karakteren sin. Nokre av desse fekk dårlegare karakter etter at klagen var vurdert.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.