Motsegn og faglege merknadar til ny høyring av kommuneplanen sin arealdel for Gol
Gol kommune har gjort mange gode justeringar i forslaget til ny arealdel av kommuneplanen. Ut frå nasjonale og vesentlege regionale interesser innan våre ansvarsområde, har vi likevel motsegn til nokre konkrete byggeområde og ei føresegn i det nye planforslaget.
Fleire av motsegnene vi fremma i 2021 anses som løyst. Motsegnene vi fremma ved 1. gongs høyringa var i hovudsak relatert til utilstrekkeleg ivaretaking av nasjonale og vesentlege regionale omsyn knytt til samfunnstryggleik, naturmangfald, myr, landskap og landbruksinteresser. Kommunen har difor gjort endringar i mellom anna risiko- og sårbarheitsanalysen, konsekvensutgreiinga, plankartet og føresegnene. I tillegg er det foreslått nokon heilt nye byggeområde.
I det nye planforslaget finn vi likevel grunn til å fremme motsegn til følgjande foreslåtte byggeområde og føresegn:
- 3.13 Nystølfjellet – FB-1
- 4.4 Kamben – FB-28
- 4.5 Kamben – FB-29
- 4.10 Bualie midt – FB-24
- 4.12 Bualie nord – FB-20
- 4.14 Guriset – NÆ-2
- 4.15 Guriset – FB-10
- 4.18 Oset høyfjellshotell – KBA-9
- 4.19 Oset/Tisleia – FB-30
- 5.3, 5.4 og 5.7 Auenhauglie og 5.8 Golsfjellet fjellstue - FB-25
- 5.13 Lauvset ved Sagbråten seter - FB-19
- 6.1 Nystølsameiga – FB-15
- Føresegn 2.6 a), c) og d)
Motsegnene har bakgrunn i nasjonale og vesentlege regionale interesser knytt til naturmangfald, myr, landskap, landbruk og stølsdrift.
Du kan lese heile vår høyringsuttale her.