Overlay og lovlig område

I byrjinga av søknadsomgangen for RMP, hadde vi feil i kartet knytt til det vi kallar «overlay» og lovleg område, i nokre få kommunar rundt om i landet. Feilen vart oppdaga og retta tidleg i søknadsomgangen, så det er nok ikkje så mange som er råka av feilen. 

Publisert 15.10.2024

Ldir ynskjer likevel å informere om det, slik at sakshandsamarane i kommunane er klar over det om dei i sakshandsaminga kjem over søknadar der søkjar har informert om at dei ikkje fekk til å legge til alt areal, eller der sakshandsamar ser at her er det opplagt noko som ikkje har kome med.

Overlay-feilen gjekk på at ein ikkje fekk teikne inn tiltak på areal som var uklassifisert, altså til dømes areal som ikkje er erosjonsrisikoklassifisert (tiltaksklasser som sluttar på .500). Ldir fekk melding inn til Miljøorakelet frå ein del av dei det gjaldt, i tillegg til at dei har klart å plukke opp avvik gjennom spørjingar i databasen.

Kommunar som hadde denne feilen i våre fylke er: Halden og Hvaler.

Lovleg område – lovleg område er dei områda/areala som blir blå/lilla i kartet når ein vel tiltaka ein vil teikne. Til dømes at ein kan teikne inn nedfelling av husdyrgjødsel på AR5-fulldyrka og overflatedyrka jord. I 35 kommunar kan det vere at ikkje alle har fått lovleg område på alt areal. Igjen, så vil vi presisere at det er nok ikkje mange som har fått feil. Kommunane som vart råka av feilen i våre fylke er: Asker, Ullensaker, Aurskog-Høland, Nittedal, Lunner, Drammen, Ringerike og Modum.

Ldir fekk lagt ut ein fiks for begge feil i løpet av 30. september, så for sakshandsamar vil det hjelpe å sjå litt ekstra på dei som eventuelt har levert søknad før 1. oktober.