Feil i RMP-kartet (eStil-RMP)

Landbruksdirektoratet har henta ut dei søkarane som har fått feilen den siste veka (henta frå loggen som går ei veke tilbake i tid), og kontakta desse direkte. Det er ikkje sikkert dei har fanga opp dei som var råka av feilen før det. Ver difor obs.

Publisert 09.10.2024

Det har vært ein feil i kartet som har råka nokre få søkarar av RMP. Det er somme som ikkje har fått til å registrere alt dei ville av tiltaket «Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange», sjølv om dei hadde teikna inn til dømes «nedlegging av husdyrgjødsel». Landbruksdirektoratet har henta ut dei som har fått feilen den siste veka (henta frå loggen som går ei veke tilbake i tid), og kontakta desse direkte. Det var snakk om 33 søknadar på landsbasis, så det er ikkje særleg mange som har fått feilen. I eitt tilfelle var feilen også knytt til tiltaket «Fangvekstar med høg diversitet».

Feilen vart retta 3. oktober rundt kl. 14.00, og søkarane har fått informasjon om at dei kan gå inn og legge til arealet no som feilen er retta.

Loggen går ei veke tilbake i tid, så det er ikkje sikkert Landbruksdirektoratet har fått fanga opp dei som var råka av feilen før det. Det kan vere at det dukkar opp søknadar med merknad om at dei ikkje har klart å legge til alt areal dei hadde tenkt å søke på.