Innlevering av verjerapport 2024
Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2024. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2025.
Vi sendte 03.02.2025 informasjonsbrev om innsending av verjerapport 2024 til alle verjer som står registrert med aktive verjemål med rapporteringsplikt per 31.12.2024. Du finn og brevet til høgre på denne sida.
Vi ønskjer at du sender rapporten digitalt. Du fyller ut skjema for årleg erklæring om rekneskap og forvaltning av formue (fullstendigheitserklæring – skjema GA-8042) og legg ved kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon.
Skjemaet finn du på www.vergemal.no
Brukarrettleiing og nærare informasjon om innsending av verjerapport finn du også på www.vergemal.no
Statsforvaltaren sender ikkje lenger ut skjema per post eller e-post.
Du treng ikkje å sende oss verjehavar si skattemelding eller årsoppgåver då Statsforvalteren innhentar desse opplysningane direkte frå Skatteetaten.
Dersom du har spørsmål kan du ringe verjemålsseksjonen på telefon 55 57 23 00. Telefontid er måndag-onsdag 1200-1400.
Det er stor pågang på telefonlinjene våre, og vi har ikkje kapasitet til å svare på alle spørsmål på telefon. Vi oppmodar derfor om å sjå på Verjerapport og skattemelding før du ringer.
Du kan òg sende førespurnad via skjemaet «Melding til Statsforvaltaren» via vår eiga nettside