Privat skifte av dødsbu med arvingar som har verje

Statsforvaltaren i Vestland legg om praksis knytt til oppfølgning og kontroll av dødsbuskifter med vaksne personar som har verje: Dersom arvingen med verje er vaksen og ikkje fråteken den rettslege handleevna, treng vi ikkje lenger å få tilsendt ei oppstilling over buet med forslag til fordeling av arven for kontroll. 

Publisert 06.06.2024

Ved privat skifte av dødsbu med arvingar under verjemål, skal verja ta hand om arvingen med verje sine interesser under dødsbuskiftet. Dersom verja ikkje er habil, vil Statsforvaltaren nemne opp ei uhilda verja.

Dersom arvingen er mindreårig eller fråteken rettsleg handleevne, skal vi kontrollere eit oppsett over buet med forslag til fordeling av arven før arven kan bli utbetalt til arvingen med verje.

Om arvingen med verje er vaksen og ikkje fråteken den rettslege handleevna, er det ikkje lenger nødvendig å sende oss eit oppsett over buet med forslag til fordeling av arven før arven blir utbetalt.

Privat skifte av dødsbu med mindreårige arvingar og arvingar som er fråtekne den rettslege handleevna

  • Verja tar hand om arvingen sine interesser under skifteoppgjeret, og må kontrollere eit oppsett over buet med forslag til fordeling mellom arvingane på vegner av arvingen han eller ho er verje for.
  • Oppstillinga over buet med forslag til fordeling mellom arvingane skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland for kontroll etter at verja har godkjent oppsettet, og før arven blir utbetalt til arvingen med verje.
  • Statsforvaltaren melder tilbake til den som administrerer buet på vegner av arvingane korleis arven til arvingen med verje skal bli utbetalt.

Meir informasjon om opplysningar og dokumentasjon Statsforvaltaren treng for å kontrollere eit oppsett over buet med forslag til fordeling av arven, finn du i informasjonsskrivet «Oppstilling over avlidne sine eigedelar og gjeld» i høgremargen.

Privat skifte av dødsbu med vaksne arvingar med alminnelege (frivillige) verjemål

  • Verja tar hand om arvingen sine interesser under skifteoppgjeret, og må kontrollere eit oppsett over buet, og godkjenne fordelinga av arv på vegner av arvingen han eller ho er verje for.
  • Det er ikkje nødvendig å sende oppstilling over buet eller forslag til fordeling mellom arvingane til Statsforvaltaren i Vestland for kontroll, og det er ikkje nødvendig å vente på tilbakemelding frå Statsforvaltaren før arven blir utbetalt til arvingane.
  • Når skifteoppgjeret er ferdig, skal verja sende oss ei melding om kva arvingen med verje får i arv.

Meir informasjon om oppgåvene til verja under eit privat skifte med vaksne arvingar under verjemål finn du i informasjonsskrivet «Informasjon til verja til vaksne arvingar i eit privat skifte av dødsbu» i høgremargen.

Oppfølging av dødsbuskifte med vaksne arvingar som blei påbegynt før praksisomlegginga

Der vi har fått eit oppsett over dødsbu som skiftast privat med vaksne arvingar under alminnelege (frivillige verjemål), fordi vi i samsvar med tidlegare praksis påla verja og den som administrerte buet å sende oss det, vil vi gjere ei forenkla kontroll av det oppsettet vi har fått

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar