Nye verjefullmakter
Frå 1. september vil Statsforvaltaren i Vestland ta i bruk nye typar verjefullmakter i nye verjemålssaker.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er starta opp eit nasjonalt prosjekt som jobbar med å få på plass ei løysing for å digitalisere fullmakter. Dette gjeld også verjefullmakter.
Målet med prosjektet er at verjefullmaktene i framtida skal vere digitale. Dette vil gjere det mogleg å identifisere seg som verje digitalt. Det vil også gjere det mogleg for verja å bruke digitale sjølvbetjeningsløysingar på vegne av personen ein er verje for.
Prosjektet med å digitalisere verjefullmaktene er derimot ikkje heilt i mål, og det er endå ei stund til dette er heilt på plass. Eit steg på vegen mot digitale fullmakter er nye verjefullmakter.
Dette medfører følgjande:
- Frå og med 01.09.2021 vil Statsforvaltaren i Vestland ta i bruk nye typar verjefullmakter i nye verjemålssaker.
- Verjefullmakter i eksisterande verjemål skal stegvis gjerast om til nye verjefullmakter. Statsforvalteren i Vestland vil gå gjennom alle verjemålssaker stegvis framover, med sikte på å vere i mål med alle saker innan utgangen av 2022.
Tidlegare var verjefullmaktene meir generelle. Dei nye verjefullmaktene er tilpassa eit digitalt format. Dei fastslår konkret kva tenesteområde verja har fullmakt på. Kvart tenesteområde som er oppført i fullmakta har eit definert innhald og ei definert avgrensing.
Framover vil Statens Sivilrettsforvaltning arbeide for å få på plass dei naudsynte digitale koplingane for at verjefullmaktene skal fungere digitalt. Det er ikkje klart når dette vil kome på plass. Fullmaktene vil verte gjort tilgjengeleg via folkeregisteret.
Vi vil stegvis sende ut brev i eksisterande verjemål, kor dei gamle verjefullmaktene skal gjerast om til dei nye typane. Før alle saker har vorte gjennomgått vil det sirkulere både nye og gamle verjefullmakter som er gyldige.
Sjå meir informasjon om dei nye fullmaktene i lenka i høgremargen. Der vil du òg finne eksempel på korleis dei nye fullmaktene ser ut, og ei nærare omtale av dei ulike tenesteområda som kan stå i fullmaktene.
Lenkjer
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar