Smitteverntiltak for personar under verjemål med nedsett kognitiv funksjon
I samband med koronasituasjonen har det vore fleire nyhendesaker om isolering av personar som er under verjemål. Vi vil difor be alle verjer om å vere oppmerksame på at dei nasjonale føringane for isolering ikkje utan vidare kan leggast til grunn når isolering må gjennomførast med bistand frå helse- og omsorgstenesta. Dette gjeld særleg når gjennomføring må skje heilt eller delvis med bruk av tvang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For personar med nedsett kognitiv svikt og som bur i ulike former for bufellesskap, omsorgsbustad, mv. er det økt risiko for spreiing av smitte. Utgangspunktet er likevel at tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset, er frivillige.
Det er følgjeleg ikkje høve til å bruke tvang ovanfor ein person med smittevernformål med mindre personen er antatt eller bekrefta smitta. Dette gjeld også for personar med kognitiv svikt som kan ha vanskeleg for å forstå betydninga av dei ulike tiltak ved gjennomføring av karantene og isolering. Når det gjeld ivaretaking av smittevern ovanfor personar med nedsett kognitiv funksjon, er det difor fokus på tilpassa informasjon og rettleiing, hjelp med gjennomføring av smittevernrutinar, praktisk tilrettelegging av miljøet, og dialog og samarbeid med pårørande.
Ved behov for tvang følgjer det av reglane om bruk av tvang i helselovgivinga at tiltaka ikkje skal vere meir omfattande eller inngripande enn det som er naudsynt for formålet, og det må vere forholdsmessigheit mellom inngrep og risiko. Bruk av tvang vert vurdert og bestemt av helse- og omsorgstenesta.
For meir informasjon, sjå Helsedirektoratet si rettleiar om «Frivillige og tvungne smitteverntiltak (covid-19)».
Vi vil samstundes minne om at det ikkje ligg til ei verja sitt mandat å samtykkje til vaksinasjon på vegne av verjehavar. Dette vert regulert av pasient- og brukarrettslova.