Tilsyn med Austevoll kommune - kommunal beredskapsplikt

Dato:
20. november 2020 10:00 - 12:00
Stad:
Austevoll kommune
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Anne Eide
Målgruppe:
Ordførar, kommunedirektør/rådmann, kommunalsjef helse og omsorg, kommuneoverlege (med smittevernansvar) og beredskapskontakt

Tilsynet er ein kontroll av kommunen si oppfølging av lov- og forskriftskrav knytt til kommunal beredskap og helseberedskap. Det vert gjennomført ved dokumentgjennomgang og eit digitalt oppfølgingsmøte med nøkkelpersonar i kriseleiinga i kommunen.

Publisert 29.01.2020

Tilsynet er avgrensa til:

  • Overordna beredskapsplan og beredskapsplan for dei helse- og omsorgstenestene som kommunen er ansvarleg for
  • System for opplæring, øving og evaluering

Vi vil har særleg merksemd på om kommunen har ein kriseorganisasjon som har kapasitet til og er øvd på å handtere uønskte hendingar, og korleis kommunen har organisert arbeidet knytt til gjennomføring av smitteverntiltak.

Dato:
20. november 2020 10:00 - 12:00
Stad:
Austevoll kommune
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Anne Eide
Målgruppe:
Ordførar, kommunedirektør/rådmann, kommunalsjef helse og omsorg, kommuneoverlege (med smittevernansvar) og beredskapskontakt