Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Søknadsfrist:
1. april 2019 23:59
Målgruppe:
Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunane
Rapporteringsfrist:
1. april 2020

Tilskotet er eitt av tiltaka i Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og skal stimulere til tenesteutvikling og styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane.

Det er eit mål at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbiletet er omtalt i Meld. St. 26 (2014-2015), «Fremtidens primærhelsetjeneste», kapittel 21.

Publisert 06.02.2019

Korleis søkje

Klikk på lenka for å søkje: Styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Nytt i 2019

Kommunane kan søkje om tilskot til tiltak som fremjer samhandling mellom fastlegar og avtalefysioterapeutar om rehabilitering av pasientar med muskel- /skjelett-/smerteproblematikk.

Mål

Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og i samsvar tilrådingar i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator. Innan utgangen av året skal kommunen skal ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.

Delmål

  1. Styrkje pasientar og brukarar sine mogelegheiter for å oppretthalde og eller gjenvinne si fysiske, sosiale og eller psykiske meistringsevne.
  2. Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.
  3. Sikre tilbod i samsvar med befolkninga sine behov, fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jamfør Meld. St. 26 (2024-2015), med hovudvekt på kapittel 21.
  4. Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, andre sektorar og internt i kommunen.
  5. Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator, herunder styrkje koordinatorrolla.
  6. Koordinerande eining legg til rette for heilskaplege og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.

Tildelingskriterium

Tildelinga av tilskot skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Vi vurderer venta måloppnåing i søknaden opp mot måla for tilskotsordninga og om søknaden viser

  • tiltak for å lage eller oppdatere plan for habilitering og rehabilitering,
  • korleis kommunen sikrar at tilbodet er i samsvar med befolkninga sine behov,
  • korleis tiltaka skal bidra til å oppfylle krava og tilrådingane i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator og kriteria for måloppnåing under punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga.
  • korleis kommunen samarbeider med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenesta,
  • at koordinerande eining er sentral i planarbeidet og at søknaden er forankra på rådmannsnivå.

I tillegg til dei særskilte krava i regelverket for ordninga, er det også lagt til grunn kommunal eigenfinansiering. Tilskotet skal gå til stimulering av opptrappinga i kommunen, og det må gå fram av finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil styrkje eller omstille habiliterings- og rehabiliteringstenestene. 

Rapportering

Krav til rapportering og rapporteringsfrist går fram av tildelingsbrevet. Det er eigen mal for rapportering.