Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2025

Søknadsfrist:
1. februar 2025 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2025 23:59

Tilskotsordninga skal stimulere til forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 16.12.2024

Alle kommunane i landet kan søkje på denne tilskotsordninga.

Nav-kontora kan frå 2025 søke om å få 750 000 kroner per år i tre år (36 månader) til lønsutgifter per hundre prosents prosjektstilling. Prosjektkostnader utover dette må kommunane dekkje sjølv.

Som følgje av at stillingsbeløpet vart justert opp blir det ikkje tildelt kompetansemidlar i 2025.

Sjølv om den totale ramma for tilskotet har auka, er det mindre pengar til nye stillingar og tiltak enn det var i 2024.

Prioriterte område i 2025

Barnefamiliar, ungdom og bustadsosialt arbeid er særleg prioriterte område.

Vidare er desse områda prioriterte:

  • Heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane.
  • Arbeid med innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester.
  • Samarbeid mellom tenester, mellom anna under straffegjennomføring og sikring av sårbare overgangar, etter gjennomført straff, mellom utdanning og arbeidsliv, og mellom ulike tenester som barnevernet og Nav.
  • Førebygging og/eller tidleg innsats.

Rapporteringsfristar

Prosjekt som fekk tilskot i 2024 må rapportere innan 1. februar 2025, sjå informasjon i tildelingsbrevet.

Dei prosjekta som får tilskot i 2025 skal rapportere på bruken av dei pengane innan 1. februar 2026.

Søknad

Heile utlysingsteksten, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på heimesida til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Søknadsskjema på nynorsk finn du under «Dokument».

Nav-kontora i Vestland kan sende søknader elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt kan ein sende søknader per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brevpost til: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Digitalt møte om tilskotsordningar

Vi arrangerer eit digitalt møte om tilskotsordningane vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet, 24. januar. Sjå meir informasjon via denne lenkja: 

Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet | Statsforvaltaren i Vestland.

Søknadsfrist:
1. februar 2025 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2025 23:59