Tilskot til utviklingsprosjekt i barnevernstenesta
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
Kommunane kan no søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernsområdet.
Kommunane i læringsnettverket i Vestland kan gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å sette i verk utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre tenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane. Barnevernsteneste kan òg søke om tverrfaglege prosjeket, saman med andre tenester.
I 2024 kan kommunane i Vestland søke om utviklingsprosjekt med tre ulike innrettingar:
- eigeninitierte utviklingsprosjekt
- utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet
- leiarutvikling
Frist for å skje tilskot er 1. juni 2024
De søkjer via tilskotsportalen til Statsforvaltaren.
Retningslinjer for kommunale læringsnettverk og for stimuleringsmidlar er under revidering, og vert publisert så snart den er klar.
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland