Kommunalt rusarbeid for 2024
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
- Målgruppe:
- Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
Statsforvaltaren lyser ut tilskot til kommunalt rusarbeid med søknadsfrist 1. mars 2024.
Tilskotet skal bidra til betra livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande. Dette kan kommunane oppnå ved å styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.
Tilbod med høg grad av medverknad og samarbeid blir prioritert
Kommunar som får tilskot, skal utvikle, gjennomføre og evaluere tiltak i lag med brukarar og pårørande. Ved tildeling av midlar prioriterer vi tilbod som dokumenterer høg grad av brukar- og pårørandemedverknad, samarbeid med brukar- og pårørandeorganisasjonar og andre frivillige/ideelle eller offentlege tenester. Ved samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om tilskot til å dekkje utgiftene for desse. Vi oppmodar små kommunar om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod.
Eit prioritert formål med ordninga er også å få kommunane til å etablere oppsøkjande verksemd, særleg retta mot barn og unge.
Les meir om bakgrunn og mål for tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.
Søknad og rapportering
Det er viktig at de gjer dykk godt kjende med regelverket før de skriv søknaden. Fullstendig regelverk finn du på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknad for 2024, og rapportering på tilskot for 2023, sender du via den digitale søknads- og rapporteringsløysinga til Statsforvaltaren. Du finn digitalt søknads- og rapporteringskjema ved å følgje denne lenkja.
Spørsmål og digitalt møte om tilskot 18. januar
Har du spørsmål av fagleg karakter, kan du ta kontakt med Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar». Har du spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet, kan du rette deg til brukarservice via denne lenkja til Statsforvalterens fellestjenester.
Vi inviterer også til eit digitalt møte 18. januar om tilskota vi forvaltar. Meir informasjon finn du i følgjande lenkje: Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
- Målgruppe:
- Personar som er i risiko for å utvikle, eller har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
Kontaktpersonar
-
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00