Kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2024
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2024 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2024 23:59
Tilskot til kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet og utvikle berekraftige og gode omsorgstenester.
Søknadsskjema for 2024 finn du under «Dokument». Regelverket vart sist revidert i 2023.
Les meir om tilskotet og regelverket på heimesida til Helsedirektoratet: Kompetanse- og tjenesteutviklingstilskudd - Helsedirektoratet
Søknad sender de til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. mars 2024.
Tildelingskriterium
Kommunane kan få tilskot på følgjande område:
- Kompetansetiltak: utdanning på vidaregåande nivå eller fagbrev (helsefagarbeidar mv.), medrekna kvalifisering av tilsette utan formell fagutdanning, fagskuleutdanning, bachelorutdanning i helse- og sosialfag, vidareutdanning, mastergradutdanning og ABC-opplæring.
- Opplæring om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Opplæringa av arbeidsleiarar, saksbehandlarar og assistentar skal vere i tråd med opplæringsplan eller kompetanseplan.
- Tenesteutviklingsprosjekt: Søknaden må mellom anna innehalde mål og målgrupper, tiltak, eventuelle samarbeidspartar, forventa effektar, leiarforankring hjå leiarar med budsjettansvar og korleis brukarmedverknad og pårørandeperspektivet er ivareteke. Kvar kommune kan søkje om maksimalt fem utviklingsprosjekt. Oppretting og utprøving av modellar for fleksible kommunale avlastingstilbod til pårørande er eit viktig tiltak knytt til regjeringas pårørandestrategi med handlingsplan. Delar av tenesteutviklingstilskotet er øyremerka til dette tiltaket.
Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverk for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet.
Rapportering for 2023
Kommunane skal rapportere innan 15. mars 2024 på kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot som vart tildelt i 2023. Bruk rapporteringsskjema de fekk tilsendt saman med tildelinga for 2023. For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon. Vi behandlar ikkje nye søknader for 2024 før vi har motteke rapporteringa for 2023.
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2024 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
- Rapporteringsfrist:
- 15. mars 2024 23:59