Tilskot til generell vassforvaltning

Søknadsfrist:
15. november 2023 23:59
Målgruppe:
Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og private verksemder
Ansvarleg:
Miljødirektoratet

Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta.

Publisert 03.01.2022, Oppdatert 13.10.2023

Kva for tiltak kan få tilskot 

Tiltak som inngår som del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tiltaksprogram vil bli prioritert.

Høgt prioritert:

  • Miljøforbetrande tiltak og da særleg restaureringstiltak med formål å betre miljøtilstanden i vatn. 

Mindre prioritert:

  • Tilrettelegging og organisering.
  • Informasjon. rettleiingsmateriell og seminar.
  • Utredningar, forskning og utvikling.

Lågt prioritert:

  • Problemkartlegging (avdekke påverkar (problemeigar) av vassforekomsten eller effekt av påverknad). 

Der det fins ein ansvarleg tiltakshavar, er det i utgangspunktet tiltakshavar sjølv som skal ta kostnaden med å gjennomføre tiltak og undersøkinga etter forureinar-betalar prinsippet. Der det er ein ansvarleg tiltakshaver, blir det ikkje gjeve tilskot etter denne ordninga.

Miljødirektoratet handsamar søknaden innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden, og det kan bes om utfyllande opplysninger om det er nødvendig for å handsame søknaden. Sjølv godt kvalifiserte søknadar kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Veiledning

Beskriving av tiltaket – max ½ -1 side :

  • Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for, med vassforekomstID. Lenke til sted for å finne vassforekomstID: VannNett-Portal (vann-nett.no).
  • Opplyse om fase i restaureringsprosjektet: Fase 1. Kartlegging. Fase 2. Planlegging. Fase 3. Starte gjennomføring. Fase 4. Deler av tiltaket er gjennomført.
  • Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram.
  • Informasjon om kva for miljøforbedring/effekt tiltaket er forventa å ha. Dette er særs viktig å beskrive.
  • Om tiltaket utløyser midlar hos fleire aktørar, eller blir samfinansiert av fleire aktørar.
  • Om tiltaket manglar andre finansieringsordningar.
  • Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi.
  • Status for eventuelle tillatelsar som tiltaket krever.
  • Minstesum 50.000 kr

Søknaden gjeld for det som skal gjennomførast i 2024. Beskriv i tillegg heile prosjektet dersom dette går over fleire år. 

 

Søknaden må sendast inn via Miljødirektoratets søknadssenter.

Søknadsfrist:
15. november 2023 23:59
Målgruppe:
Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og private verksemder
Ansvarleg:
Miljødirektoratet

Kontaktpersonar

Mål for ordninga

Tilskotsordninga skal bidra til å nå miljømåla i vassforskrifta. Overflatevatn skal beskyttast mot forringing, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassforekomsten skal minst ha god økologisk og god kjemisk tilstand. Tilstanden til vassforekomstane finn du i Vann-Nett. Tilskot blir tildelt for eitt år om gongen.