Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg og deira pårørande, og for å bidra til kompetanseoppbygging i kommunane.
Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på.
Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema og rapporteringsskjema til Statsforvaltaren i Vestland, som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no
Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.
Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentrene for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 26. mai 2023.
Ved interkommunale tiltak/prosjekt må ein einskild kommune stå som formell søkjar. Ved interkommunale tiltak/prosjekt bør samarbeidsavtale leggast ved søknaden.
Søknadsskjema, rapporteringsskjema og meir informasjon om tilskotet finn du under «Dokument» og «Lenkjer».
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland og Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024 23:59
Kontaktpersonar
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15