Tilskot for å ivareta naturmangfald i kommuneplanlegginga
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet
Kommunar kan søkje om økonomisk støtte til å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald i kommunen.
Tilskotsordninga er primært tiltenkt som støtte til ein eigen kommunedelplan, etter plan og bygningslovas prosessar og krav til medverknad. Det kan, etter nærare avtale med Miljødirektoratet, òg bli gitt støtte til eit planarbeid der naturmangfald inngår som ein eigen temadel med mål og handlingsplan for gjennomføring av tiltak i ein meir heilheitleg plan for klima og miljø.
Kvar skal søknaden sendast og krav til innhald i søknanden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden.
Oppstartsvarsel med planprogram for kommunedelplan skal vere vedteken innan utgangen av 2023. Planen skal ferdigstillast og slutthandsamast innan utgangen av 2024.
Sakshandsaming
Alle kommunar som får tilskot, får same beløp. Storleiken på tilskottet kan variere noko etter tal på søknadar og ramme for tilskotsordninga. For 2022 var tilskotet på 150.000 kroner. I statsbudsjettet for 2023 er det sett av 3 millionar til ordninga.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet