Tilskot til tiltak mot framande organismar
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet
Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar.
Publisert 03.01.2022, Oppdatert 03.01.2023
Kva for tiltak kan få tilskot
Berre søknadar som fell inn under kategoriane under vil bli realitetshandsama i 2023:
- Tiltak mot pukkellaks.
- Tiltak mot utanlandske treslag i form av større tiltak (minimum 0,5 millioner kroner omsøkt) som er knytt til truga naturtypar, truga arter og nær verneområde.
- Tiltak mot havnespy (Japansk sjøpung).
- Nasjonale informasjonstiltak.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krav til innhald i søknaden.
Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.
Offentlege aktørar er ikkje i målgruppa for ordninga.
Sakshandsaming
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan derfor bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet
Kontaktpersonar
-
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42