Tilskot til kommunalt rusarbeid 2022 – overgangsordning

Søknadsfrist:
15. februar 2022 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. februar 2023 23:59

Overgangsordninga skal sikre ei gradvis avslutting av tilskotet til kommunar som allereie mottar tilskot til kommunalt rusarbeid. Det er ikkje mogeleg å søke om tilskot til nye stillingar.

Publisert 24.01.2022

Årsstigen frå tidlegare ordning skal følgjast og gjeld til og med 2024, med atterhald om Stortinget sitt årlege vedtak.

Føremål

Tilskotet skal bidra til auka og varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem.

Regelverk for overgangsordninga

Les regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjema og skjema for rapportering. Sjå spesielt kapittel 2 «Hvem kan få tilskudd» og kapittel 4 «Tildelingskriterium», der det er gjort greie for overgangsreglar, presiseringar og ny utrekning av tilskot. Regelverket finn de under fana «Dokument».

Søknad og rapportering

Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2021 og søknad om tilskot for 2022 er 15. februar 2022.

Her kan du søkje gjennom Statsforvaltarens elektroniske søknads- og rapporteringsløysing.

Det er ikkje naudsynt å levere revisorattest for dette tilskotet.

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet. 

Ved spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Mona Fauskanger eller Siri Mæland. Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar».

Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
15. februar 2022 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. februar 2023 23:59